Slik gjer du det best på Helse Førde-stafetten

GIR RÅD: Harald Munkvold var ein av grunnleggjarane då dei starta opp med Helse Førde-stafett i 2006. (Arkivfoto)

GIR RÅD: Harald Munkvold var ein av grunnleggjarane då dei starta opp med Helse Førde-stafett i 2006. (Arkivfoto) Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Her er coach Harald Munkvolds beste tips til førebuing og gjennomføring av stafetten.

DEL

Skal du vere med på Helse Førde-stafetten, men er litt usikker på korleis du skal gjere det best mogleg? Lurer du på korleis du skal ete og korleis du skal kle deg? Fortvil ikkje! Firda har spurt sjølvaste stafetteksperten Harald Munkvold til råds om kva ein bør gjere for å få ei god oppleving – og ikkje minst – ei god tid.

Saka var først pulisert i 2015, men tipsa fungerer like godt i dag.

Munkvold la i 2015, saman med Unn Hege Johannessen, opp opp eit treningsprogram for sju Helse Førde-sjefar som i løpet av ni veker skulle komme i best mogleg for fram til stafetten.

På sjølve dagen:

Mat:

– Et som normalt, men to timar før løpet bør ein slutte å ete. Etter dette bør ein vere nøye med å ikkje ete noko som helst, men ein bør drikke litt og jamt. Ein treng ikkje noko ekstra drikke på etappane.

Oppvarming:

– Dei fleste varmar for hardt opp. Dei som skal springe og dei som skal gå bør byrje å varme opp rundt 20 minutt før si etappe. Oppvarminga bør vare i 10 til 15 minutt, og den bør gå føre seg ekstremt roleg på grensa mellom gåing og jogging. Undervegs i oppvarminga bør ein legge inn fire spurtar på mellom fem og 10 sekund. Etter løpet bør ein jogge ned i rundt ei halv time.

– Dei som skal sykle bør trø litt roleg på sykkelen før start.

Utstyr:

– Dei som skal gå med stavar må stille med stavar sjølv. Og dei som skal sykle stiller med eigen sykkel. Når det gjeld stavane kan ein ikkje ta dei under armen og springe, men ein må sette dei i bakken for kvart steg.

I kampens hete

Gå eller springe?

Ingen blir diska om dei joggar/spring på gå-etappane.

– Dei aller fleste vil likevel tape å springe desse. På etappen opp Kletten har eg sett mange som spring opp, og som då er heilt stive til dei skal ned att. Då risikerer du å bli så stiv at du ikkje klarar å fote deg ned att. Eg har og testa både å springe og å gå denne etappen, og det utgjer ikkje noko særleg forskjell på tida. Ein tener ikkje noko særleg verken på å springe opp eller ned. Det er og lett å skli på våte røter på veg ned, advarer Munkvold.

Påkledning:

– Ha på så lite som mogleg: Korte armar og korte bein. Gjerne singlet og korte bukser. Det blir meir enn varmt nok sjølv i dette vêret. Det fleste har på seg for mykje. Ha heller godt med klede og overtrekksklede på før start og la dei ligge att ved startstreken.

Veksling:

– Følg med! Det er pinleg om den med stafettpinnen kjem og ikkje finn nokon makker.

Artikkeltags