Lokal bloggar rasar mot tilbodet på smågodt

BER BUTIKKANE TA ANSVAR: Synne Ripe synest det er trist at butikkar oppfordrar til handel av godteri, då mental og fysisk helse heng så sterkt saman.

BER BUTIKKANE TA ANSVAR: Synne Ripe synest det er trist at butikkar oppfordrar til handel av godteri, då mental og fysisk helse heng så sterkt saman. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FØRDE: Personleg trenar, Synne Ripe, legg fram klare meiningar om priskrigen daglegvarebutikkane fører på smågodt.

DEL

«Det nærmar seg feiring av Halloween, noko vi merker på sal av kostyme og pynt i butikkane, men no også med ein diger priskutt på smågodt. Det at vi bur i eit land der overvekt, fedme og livsstilssjukdommar er eit så aukande problem, synest eg er grunn nok til å endre fokus.»

Dette startar blogginnlegget til den lokale bloggaren, Synne Ripe, med. Ripe jobbar som personleg trenar og dagleg leiar for Crossfit Førde ved helsehuset Spenst Førde. No synest ho daglegvarebutikkane bør ta ansvar.

– Tidlegare i år sa daglegvarebutikkane seg einige i å overvinne sukker, salt og feitt. No gjer dei det motsette. Denne priskrigen gjer det primært enklare for oss kjøparar å handle store mengder godteri, seier Ripe.

Ein bør fremme frukt og grønt, ikkje godteri

Ripe meiner at butikkane må tenke over konsekvensane som følger med ekstra lave prisar på usunne alternativ.

– Når born rundt ni år i dagens samfunn utviklar diabetes type to gjer vi som enkeltpersonar og butikkar noko feil. I staden for å kutte pris på godteriet bør butikkane kutte pris på frukt og grønt, seier Ripe.

Godteri kan skape avhengnad

Ho fortel at fysisk og psykisk helse heng saman, og at fokuset på helse er ekstra viktig i dag, då fleire born og unge vert overvektige.

– Eg forstår at det er vanskeleg å sjå bort ifrå tilboda. Vi veit jo at når det er eit tilbod hamstrar folk, slik at dei kan spare penge. Men eg tvilar på at godteriet vert liggande i skapet. Godteri kan skape avhengnad, og for born som kanskje ikkje ser konsekvensane er dette ei stor freisting, meiner Ripe.

Stor stigning i overvekt i Noreg

Ripe har lang erfaring med helse og trening, då ho har ein bachelor i idrett og har jobba i tre år som idrettsoffiser i Forsvaret. Den aktive jenta opplyser om at det er ei stigning i overvektige i Noreg, då kvart sjette barn i tredje klasse lid av overvekt.

– 20 til 25 % av dei som er på sesjon i dag er overvektige. Då har dei allereie selektert ut ein stor del. Om ein vert overvektig før ein er ti år gammal er det vanskeleg å få eit sunt kosthald i vaksen alder. Sjølvsagt må foreldre passe på, men eg meiner butikkane også har eit ansvar. Det er ein større part av born i dag som har lommepengar enn tidlegare, og dei ser kanskje ikkje korleis godteriet kan påverke livet deira.

I blogginnlegget «Priskrig på smågodt – veit vi ikkje betre?» skriv Ripe det er tragisk frå butikkane si side, då dei absolutt har eit stort ansvar, men det er også tragisk at folk vert så desperate så fort det er snakk om smågodt og tilbod.

– Når butikkane må legge inn ei maksgrense på tre kilo godteri per handel, er det noko gale, seier Ripe.

Artikkeltags