Treng vi skjenke øl under fotballkamp?

IDRETT OG ALKOHOL: Underteikna har i grunn hatt ei grunnleggande haldning at under idrettsarrangement så går det faktisk an å unngå å kombinere idrettsoppleving med alkoholbruk, skriv artikkelforfattaren.

IDRETT OG ALKOHOL: Underteikna har i grunn hatt ei grunnleggande haldning at under idrettsarrangement så går det faktisk an å unngå å kombinere idrettsoppleving med alkoholbruk, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Registrerer at Norges Fotballforbund har vedteke å opne for sal av øl på norske fotballkampar. Eit vedtak som gjer det lovleg, at på publikum sitt tilgjengelege areal, skal ein kunne kjøpe og nyte øl kjøpt på arenaen.

Blir no ikkje akkurat rasande som Jorunn Gleditsch Lossius, som er stortingsrepresentant for Kristelig Folkeparti (KrF) og medlem av familie- og kulturkomiteen på Stortinget, men noko betenkt må eg no gjerne kunne meine å vere.

Jau då, det kan no vere koseleg det. Ein varm sommarkveld med å leske seg på litt øl samtidig som ein kosar seg med meir eller mindre god lokal fotball. Skapar nok inntekter til arrangøren og også mogleg noko meir eller mindre god stemning på tribunen. Fleire vågar nok å heie litt ekstra med litt innanbords.

Mange har nok vore utanskjærs og registrert at ein slik praksis kan fungere på ein rimeleg grei måte det. Som publikum registrerer ein ofte bra god stemning sjølv med til tider i overkant med fyllerør som kan både vere utidig for spelarar, dommar og ikkje minst ein del publikum som har med ungane sine på eit idrettsarrangement.

Underteikna har i grunn hatt ei grunnleggande haldning at under idrettsarrangement så går det faktisk an å unngå å kombinere idrettsoppleving med alkoholbruk. Registrerer ofte publikum som reiser lenge i buss og at festen er rimeleg god når dei inntek bortetribuna. Fest og fyll skapar sjeldan mest positiv tilrop og ramme mot spelet på bana gjennom kampen.

Har opp gjennom hatt ein ryggmergsrefleks om at idrettsarrangement og drikking kan ein faktisk halde litt åtskilt. Dei fleste har gjerne rikeleg med arenaer i fritida dei kan drikke på utan om å dra med seg alkoholen inn på idrettsanlegget. Mange brukar VIP-tribunen kor ein kan leske seg i alkohol som argument for tilbodet – ja likt bør det gjerne vere for fiffen og mannen i gata.

Tek ein med ungar på kamp kor ein ønskjer trygge trivelege rammer, så vert rus ofte ein mindre god tilnærming til ei kjekk familiestund med idrett. Sjølvsagt kan ein sette av delar av anlegget til dei som ønskjer å unngå alkohol. Her må nok arrangørane, som ofte er idrettslag, tenke grundig gjennom kva dei ønskjer dersom kommunen gjev dei løyve til å kunne selje øl på tribunen.

Kvart kommunestyre skal vedta ordningar og reglar for sin kommune. Kvar kommune har ein alkoholpolitisk handlingsplan som vert vedteken med jamne mellomrom. Dersom ein i ein slik plan skal styre kvar ein ønskjer å legge til rette for sal av alkohol og samtidig ønskjer å sette visse avgrensingar, så vert nok ein arena med utøving av idrett eit av områda ein bør skilje ut frå sal av alkohol.

«Idrett utan alkohol» hugsar eg var eit slagord i idretten under min oppvekst, men registrerer at tidene endrar seg.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken