Ine Andersson frå Tambarskjelvar IL tok ein fin tredjeplass under norgesmeisterskapen, med totalt 267,07 poeng. Men ingen var i nærleiken av kunne gjere noko med Solfrid Koanda, som løfta heile 145 kilo i støt og 111 kilo i rykk, noko som gav ein poengsum på 287,10.

Andersson løfta 85 kilo i rykk og 110 kilo i støt, og var også best i 59-kilosklassen. Men ho hadde ikkje den beste dagen. Under EM klarte ho løfte 118 kilo, medan ho i dag bomma to gonger på 115 kilo.

Men ei som hadde ein betre dag var Marit Årdalsbakke frå Jølster. Ho kom på ein fjerdeplass, når det gjeld kampen om kongepokalen. Også ho er frå Tambarskjelvar. Årdalsbakke enda opp med 261,96 poeng. Ho løfta 92 kilo i rykk og 112 kilo i støt, noko som også vart personleg rekord. Totalsummen gjorde også til at ho klarte kravet til å bli med i VM. Ho vann også 71-kilosklassen.

Julia Jordanger Loen frå Breimsbygda kom på ein åttandeplass med 230,61 poeng, med 80 kilo i rykk og 97 i støt.

På herresida tok Ragnar Holme frå Tambarskjelvar IL kom på andreplass med 347,15 poeng i supertungvekt 109 kg, med 150 kilo i rykk og 185 kilo i støt. Heller ikkje han hadde sin beste dag, han bomma på 190 og 193 kg i støt.