Gå til sidens hovedinnhold

Tredje dag på rad med null smitte

Helse Førde analyserte fredag 207 prøvar for covid-19. Ingen av dei var positive.

Dette er tredje dagen på rad at det ikkje er registrert smitta i nokon av dei analyserte prøvane.

Helse Førde har hatt ein pasient med covid-19 innlagt på sjukehus, men denne pasienten er no utskriven. Helseføretaket har fredag ingen pasientar innlagde med covid-19.

Les også

46 personar vart smitta. Men no er koronautbrotet i Sunnfjord kommune over

Les også

– Det går garantert folk rundt i Sogndal med korona no

Kommentarer til denne saken