Tre vogntog må legge om til kjettingar – sperrar felt over Hemsedal

Desse kan komme brått på, melder Vegtrafikksetralen Vest.

DEL

Vegtrafikksentralen Vest melder i morgontimane onsdag at fire fjellovergongar er stengde.

Hemsedalsfjellet har saman med Filefjell vore einaste opne fjellovergongar austover, men klokka 10.37 flyt ikkje trafikken her så godt lenger.

Vegtrafikksentralen Vest melder at tre vogntog må legge om til kjettingar ved Storeskard på fv. 52 over Hemsedalsfjellet, og at dette sperrar eit felt. Det blir gjort merksam på at desse kan kome brått på bilistar på vegen.

Her er status for fjellovergongane:

  • E134 Haukeli har kolonnekøyring.
  • Rv.7 Hardangervidda stengd.
  • Rv.13 Vikafjellet stengd.
  • Fv.50 Hol-Aurland innførte kolonnekøyring på grunn av uvêr klokka 12.48..
  • Fv.53 Årdal-Tyin stengd.
  • Rv.15 Strynefjellet vart opna for fri ferdsel klokka 14.05.
Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags