Meldinga om trevelten kom til Vest politidistrikt klokka 10.37. Ifølgje Vegtrafikksentralen ligg treet på Torvund, og ikkje ved Noreviktunnelen slik meldinga frå politiet var først.

Treet sperrar eitt køyrefelt, og entreprenør vart sendt ut for å fjerne det. Operasjonsleiar Stine Mjelde i Vest politidistrikt opplyser at entreprenør var på plasss 11.49.

Ein politipatrulje vart også send til staden, for å hindre at det ikkje skulle oppstå ulukker som følgje av trevelten.

Like før klokka 12 vart trafikken dirigert forbi av politiet.

– Ettersom dette er ei europaveg, og fordi treet låg rett etter ein sving, rykte vi ut for å sikre at det ikkje skulle oppstå farlege situasjonar, seier Mjelde.

Like etter klokka 12 var vegen rydda.

Det er venta kraftig vind i området onsdag: Kraftige vindkast på Vestlandet – aukar til gult farevarsel