Gå til sidens hovedinnhold

Tre smitta i Kinn – over 200 i karantene

I Kinn kommune er tre personar smitta med covid-19. 

Dette har ført til at 55 personar sit i karantene og at 171 personar sit i det som blir omtala som ventekarantene.

Det opplyste kommunedirektør Terje Heggheim til NRK Vestland, som først melde om saka.

– Vi går ut ifrå at det er mutert variant, opplyste kommuneoverlege Jan Helge Dale til avisa.

Firda kjem tilbake med meir.

Kommentarer til denne saken