Gå til sidens hovedinnhold

Tre smitta i Gloppen – 60 rekna som nærkontaktar

Fredag testa 3 personar positivt for korona i Gloppen. Det melder kommunen på sine nettsider.

Kring 60 personar har blitt definert som nærkontaktar. Utbrotet har også medført nærkontaktar i Stad Kommune.

Utbrotet påverka ein klasse ved Sandane skule, ein klasse på Nordstranda skule og SFO på Nordstranda skule torsdag. I tillegg kjem ei turngruppe for barn fødd i 2014 måndag, ei turngruppe for barn fødd i 2012 onsdag og ei handballgruppe for gutar fødd i 2012 torsdag.

Nærkontaktar som bør teste seg er kontakta, strekar kommunen under.

Ein av dei smitta har vore med skuleskyss med drosje i Bukta onsdag 20. oktober og torsdag 21. oktober til og frå skulen.

Ein av dei smitta har vore med skuleskyss på bussen til Hyen onsdag 20. oktober etter skulen.

– Vi har ikkje oversikt over kven som har vore med på desse transportane. Dersom nokon har vore med på desse transportane og får symptom på luftvegsinfeksjon, bør dei teste seg, skriv kommunen.

Alle nærkontaktar som er kontakta vil få mail om utlevering og bruk av sjølvtestar i løpet av fredag kveld.

Retningslinjer for smitta og nærkontaktar kan du lese her: Smitta eller nærkontakt til smitta?

Kommunen legg også til at det har vore stilt spørsmål ved om opphald i same rom i etterkant av treningar, og bruk av same utstyr kan medføre smitte og behov for testing. Det er ikkje naudsynt, då dropesmitte vert rekna som den viktigaste smittevegen og i liten grad indirekte kontakt via utstyr.

Det ikkje grunnlag for å teste seg viss ikkje ein har vore nærkontakt (som vil seie mindre avstand enn to meter i 15 minutt, eller har vore i direkte berøring med ein smitta).

Personar som ikkje er kontakta er ikkje vurdert som nærkontaktar etter gjeldande retningslinjer og skal ikkje testast. Unntak er personar som har teke skuleskyss og får symptom. Familiar til nærkontaktane skal ikkje teste seg med mindre dei har symptom.

Kommunen minner om at alle med symptom på øvre luftvegsinfeksjon eller andre typiske symptom på korona bør teste seg. Ver heime og ta kontakt med Gloppen legesenter måndag morgon.

Det var Firda Tidend som først skreiv om utbrotet.