Gå til sidens hovedinnhold

Tre personar i jern, øydelagd nattesøvn og 16-åring heim til familien

Politiet var i aksjon fleire stader i Sogn og Fjordane natt til søndag.

– I Vik hamna tre personar i jern, seier Frode Kolltveit, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Klokka 00.39 natt til søndag møtte politiet på tre personar som ikkje oppførte seg i Vik sentrum.

– Då hadde patruljen allereie vist vekk to personar, men står med ein tredje, ein mann i 30-åra, som ikkje oppfører seg. Han var hissig, høglydt og ville ikkje samarbeide, seier Kolltveit.

Etter kvart roa han seg, og alle dei tre blei sleppte laus. Personen fekk pålegg om å halde seg vekke frå sentrum til klokka 08.00 søndag morgon.

Politiet opprettar sak.

Forstyrra natteroa

Fleire stader fekk politiet melding om forstyrra nattero.

Både i Stryn, Sogndal og Årdal fekk politiet melding om bråk natt til søndag.

– Det går på bråk, høg musikk og folk som pratar høgt. Rett og slett øydelegg nattesøvnen til naboane, seier Kolltveit.

Heim til familien

Også i Førde fekk politiet melding om bråk.

Les også

Var i slagsmål, men fekk seg burgar. Då roa alt seg

I Gloppen trefte politiet på ein overstadig rusa gut under 18 år. 16-åringen blei køyrt heim til familien, opplyser Kolltveit.