Gå til sidens hovedinnhold

Tre personar i bilulykke på Nordfjordeid – alle til sjukehus

Klokka 08:45 fekk politiet melding om at to bilar har kollidert ved Skårhaug på Nordfjordeid.

Det skal vere tre personar involvert i ulykka, og alle har kome seg ut av bilane, opplyser Vest politidistrikt.

Klokka 9:15 er politiet framme på staden, og i dialog med dei involverte personane. Alle tre blir frakta til sjukehus for sjekk.

I ein av bilane var det ein mann i 50-åra. I den andre bilen var det to personar, førar i 60-åra og ein passasjer i 50-åra. Politiet mistenker ikkje at nokon av dei har køyrd i påverka tilstand.

Det er ikkje meldt om personskade, men det skal vere store skader på bilane. Airbagar har blitt utløyst.

Vidare melder politiet om stopp i trafikken i 80-sona.

Firda kjem tilbake med meir.

Kommentarer til denne saken