Gå til sidens hovedinnhold

Tre over vegen på fv 57 – vegen er opna

Er kollegaen sein til jobb? Då kan dette vere grunnen.

Klokka 06.52 melde Vegtrafikksentralen Vest at eit tre har falle over vegen på fv 57 mellom Bygstad og Osen i Sunnfjord.

Vegen var stengd. Entreprenør var då på veg til staden.

Like før kl 08.00 opplyser trafikkoperatør Jan Marøy i Statens vegvesen at entreprenør har vore på staden, fjerna treet og at vegen no er open for fri ferdsel.

Marøy opplyser at treet velta i nærleiken av Sæter, like utanfor Osen i retning Dale.

Kommentarer til denne saken