Gå til sidens hovedinnhold

Tre nye testa positivt for korona

Prøvene vart tekne i Gloppen.

Fredag 15. januar vart det analysert 290 prøver ved laboratoriet ved Førde sentralsjukehus. .

Av desse var det tre nye tilfelle av stadfesta COVID-19.

Prøvene med påvist smitte vart teken i Gloppen kommune.

Kommunen for prøvetaking er ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Helse Førde strekar under at dette ikkje er ei komplett liste over prøvesvar frå Helse Førde sitt område, men berre dei prøvene som Helse Førde analyserer.

Tilfelle i Gulen

Fredag 15. testa også ein person positivt for COVID-19 i Gulen.

– Ein person som er busett i kommunen har testa positivt på korona. Vedkommande er i isolasjon, og nærkontaktar er varsla og sett i karantene. Smittevegen er kjend, skriv kommunen på sine heimesider.

Kommentarer til denne saken