Gå til sidens hovedinnhold

Tre nye smittetilfelle i Helse Førde

Onsdag testa 247 personar seg for koronaviruset. Av desse var det tre som gav utslag på korona.

Prøvetakingskommunane er Sogndal, Vik og Sunnfjord.

Framleis er det ingen innlagde pasientar med koronasmitte.

Kommunen for prøvetaking er ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei vil sende koronaprøvene. Dermed kan prøvene bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus.

Dette er såleis ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå Helse Førde sitt område, men berre resultat frå dei prøvene som blir analysert ved Førde sentralsjukehus.

Les også

No kan du kjøpe korona-heimetestar i butikken – dette meiner kommunelegen om dei

Les også

FHI ber kommunar avbestille vaksinar for å fristille fleire tusen dosar

Les også

FHI-direktør ber folk gripe vaksinesjansen

Kommentarer til denne saken