Tre nye smittetilfelle i Helse Førde sitt område

Fredag vart det analysert 277 koronatestar i Helse Førde sitt område. Av dei var 3 positive. I tillegg er ein person innlagd ved Førde sentralsjukehus med koronasmitte.

DEL

Det melder helseføretaket på sine sider. Tilfella er registrert i Kinn, Stad og Sogndal kommunar.

Helseføretaket opplyser at kommunen for prøvetaking er ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse. Tala omfattar ikkje prøver som er undersøkte ved andre laboratorium.

Artikkeltags