Tre nye smittetilfelle i Helse Førde sitt område
Onsdag analyserte Helse Førde 322 prøver. Tre av desse var positive. Det melder helseføretaket på sine heimesider torsdag morgon.
To av dei tre smitta er frå Vik. Ein av desse hadde nærkontakt med ein av dei to tilsette på Blix hotell som har Covid-19, medan den andre blei testa etter ein utanlandstur. Vedkommande har ikkje vore i Vik etter påvist smitte, men er venta heim og må gå rett i isolasjon.
Helse Førde opplyser at tala dei presenterer på sine heimesider ikkje nødvendigvis er endelege tal for Helse Førde sitt område. Prøver teke i området til Helse Førde kan verte analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus.
Kommentarer til denne saken