Totalt tre positive koronaprøvar er funne blant dei siste koronatestane utført av laboratoriet ved Førde sentralsjukehus.

Det kjem fram i fredagens smittetalsrapport, utifrå torsdagens testar.

Dei to kommunane der det er avlagt positive prøvar er Aurland og Høyanger. Det er ikkje informert om kven av desse kommunane som har to smittetilfelle.

Helse Førde understrekar at prøvesvara berre omfattar testar analyserte ved deira laboratorium.