Tre nye smitta og ein person innlagd
Tysdag vart det analysert 438 koronaprøver i Helse Førde. Tre av prøvene viste seg å vere positive for viruset.
Dette melder helseføretaket på sine heimesider.
Dei tre positive prøvene er tatt i Stryn og Sunnfjord.
Helse Førde melder også at dei har ein pasient som er innlagd med stadfesta koronavirus.