Gå til sidens hovedinnhold

Tre nye smitta i Hyllestad

Måndag ettermiddag melder Hyllestad kommune på sine heimesider at det er kome tre nye positive prøvesvar for korona.

Det totale smittetalet er no 39 personar i den vesle kommunen.

Dei tre personane har alle same smittekjelde.

Det var venta å få svar på 180 prøver måndag ettermiddag, men ordførar Kjell Eide melder om at det er kome svar på om lag 70 av dei. Resten er venta tysdag.

Talet positive prøver er lågare enn kommunen frykta, men det er likevel for tidleg å konkludere med ut utbrotet er over, skriv kommunen. Alle ved Havyard er testa.

Les også

Ventar svar på 180 Hyllestad-prøver i dag. Meir enn 500 testa til no

Les også

Nytt smittetilfelle i Høyanger – stammar i frå Havyard

Kommentarer til denne saken