Gå til sidens hovedinnhold

Tre nye, positive koronaprøver

Torsdag vart det analysert 256 koronaprøver ved laboratoriet på Førde sentralsjukehus. Av desse var det tre prøver som gav utslag på koronaviruset.

Prøvene vart tekne i Årdal og Lærdal kommune. Kommunen for prøvetaking er ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Hittil i denne veka har helseføretaket avdekt sju tilfelle og analysert 1201 koronaprøver.

Det er ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19-smitte, og Helse Førde har to tilsette som er i karantene eller er sjukmeldt på grunn av korona.

Les også

Høyanger har nest lågast sjukefråvær i Vestland

Les også

Koronapermisjonsreglane blir forlenga til 1. november

Les også

Har bestilt 1200 vaksinedosar til barn i Sunnfjord kommune