Gå til sidens hovedinnhold

Tre nye positive koronaprøvar

Helse Førde analyserte 367 koronaprøvar tysdag. Av desse var tre positive, melder helseføretaket på sine nettsider.

Prøvetakingskommunar er Kinn, Stryn og Årdal. Kommunen for prøvetaking er ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse, presiserer dei.

Det har ikkje blitt analysert så mange prøvar sidan førre tysdag, då 405 fekk negativt eller positivt svar.

Per i dag er det ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19-smitte i Helse Førde sitt område, ifølge statistikken frå sjukehusa.

Kommentarer til denne saken