Gå til sidens hovedinnhold

Tre nye koronasmitta

Av dei 206 analyserte prøvene Helse Førde gjekk gjennom søndag, var tre av dei positive.

Det melder helseførtaket på heimesidene sine.

Prøvetakingskommunane for dei postive prøvene er Sogndal og Sunnfjord.

Sogndal kommune melde søndag kveld at dei hadde ein ny smitta person. Denne personen hadde status som nærkontakt, og var allereie i karantene.

Kommunen for prøvetaking er ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Kommentarer til denne saken