Gå til sidens hovedinnhold

404 - File Not Found

[]

Tre nye koronasmitta

Fredag analyserte laboratoriet ved Førde sentralsjukehus 326 koronaprøver. Tre av desse gav utslag for viruset.

Desse prøvene er tatt i Kinn og Sogndal kommune.

Kommunen for prøvetaking er ikkje nødvendigvis der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse. Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei vil sende koronaprøvene. Dermed kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus.

Laurdag morgon er det éin pasient innlagd med stadfesta covid-19-smitte.

Kjend smitteveg

Laurdag morgon melder Sogndal kommune om eitt nytt smittetilfelle på nettsida si.

Personen har vore i karantene som nærkontakt, og er no sett i isolasjon. Smittevegen skal vere kjend, og kjem frå Bergen. Som følge av smittetilfellet er tre nye nærkontaktar pålagt karantene.

Kommentarer til denne saken