Gå til sidens hovedinnhold

Tre nye koronasmitta

Tysdag analyserte Helse Førde 306 koronaprøver. Tre av desse gav utslag for viruset.

Dei positive prøvene blei tatt i Bremanger, Kinn og Stad.

Pasienten som blei innlagd søndag blei skriven ut tysdag. Då blei to nye pasientar innlagd med stadfesta covid-19-smitte.

Kommunen for prøvetaking er ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse. Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei ønskjer å sende koronaprøver som dei har tatt. Dermed kan prøvene bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus.

Kommentarer til denne saken