Tre nye personar har levert positive koronaprøver. Det melder Sogndal kommune tysdag ettermiddag.
Desse tre er tilknytt utbrotet i Balestrand, og alle tre har vore i karantene frå tidlegare, ettersom dei er nærkontaktar til tidlegare smitta.
Smittevegen er ifølge kommunen kjend, og det er ingen ny smitte ute i samfunnet.
Som følger av dette vert det heller ikkje innført nye lokale tiltak som følger av desse tre nye smittetilfella.