Gå til sidens hovedinnhold

Tre menn sikta etter funn av død mann på Nordfjordeid

Artikkelen er over 1 år gammel

I samband med funnet av ein død mann på Nordfjordeid søndag 19. januar, har politiet pågripe og sikta tre menn i 18 til 30-åra.

Dei tre er sikta for å ha «hensatt en person i hjelpeløs tilstand» (straffelovas paragraf 288).

Alle tre vil bli framstilt for varetektsfengsling fredag 24. januar. Dei tre har fått utnemnt kvar sin forsvarar. Dei tre forsvararane er advokat Per Kjetil Stautland, advokat Paul-Inge Angelshaug og advokat Ivar Blikra

.

Les også

Mann i 50-åra funnen død på Nordfjordeid – uklar dødsårsak

Mannen som vart funnen død var Rune Kjetil Flo (59 år), busett på Nordfjordeid. Navnet på avdøde vert frigjeve i samråd med dei pårørande.

Politiet ønskjer ikkje å gje fleire opplysningar om mogleg dødsårsak eller andre detaljar om kva som er kome fram i etterforskinga til no, skriv politiet i ei pressemelding. .

Kommentarer til denne saken