Gå til sidens hovedinnhold

Tre menn i 20-åra er varetektsfengsla i to veker

Artikkelen er over 1 år gammel

Dei er sikta for å ha forlate ein mann i hjelpelaus tilstand.

Søndag ettermiddag vart politiet i Nordfjordeid varsla om eit dødsfall i ein kommunal bustad. Der vart ein mann i slutten av 50-åra funnen død, og dødsårsaka var uklar.

Tre menn i aldrar frå 18 til 30 år vart torsdag pågripne, sikta for å ha forlate den døde i hjelpelaus tilstand.

Under fengslingsmøtet i Sogn og Fjordane tingrett, fredag, vart alle tre framstilt for varetektsfengsling i to veker.

Av omsyn til etterforskinga er det ikkje lov å referere meir frå retten si avgjerd enn dette:

Alle tre blir varetektsfengsla i to veker. To av dei sikta får brev- og besøkskontroll, medan den tredje får brev- og besøksforbod.

Les meir om saka her:

Les også

Nekta for å ha forlate kompis i hjelpelaus tilstand

Les også

Tre menn sikta etter dødsfall. Fengslingsmøte i dag

Les også

Tre menn sikta etter funn av død mann på Nordfjordeid

Les også

Mann i 50-åra funnen død på Nordfjordeid – uklar dødsårsak