Tre gull til Tambarskjelvar og Julia sette norsk rekord

REKORDLØFT: Julia Jordanger Loen sette ny norsk juniorrekord med 85 kg i støyt.

REKORDLØFT: Julia Jordanger Loen sette ny norsk juniorrekord med 85 kg i støyt. Foto:

Julia Jordanger Loen frå Breimsbygda IL sette norsk juniorrekord og sikra seg bronse i seniorklassen.

DEL

Den nye norske juniorrekorden i vektløfting er på 85 kilo, som Julia klarte i siste forsøk. Breimingen konkurrerer i 59-kilosklassen.

Marit Årdalsbakke (71 kg), jølstring som representerer Tambarskjelvar IL, sikra seg gullet med 87 kg i rykk og 103 kg i støyt.

Gull også til Lone Kalland (87 kg) med 90 kg i rykk og 110 kg i støyt.

Både Årdalsbakke og Kalland er klare for EM i april.

Jantsen Øverås vann gull i klasse 81 kg med 119 kg i rykk og 142 kg i støyt.

Ragnar Holme (109 kg +) tok sølv i tyngste klasse.

Tore Gjøringebø (96 kg), også han Tambarskjelvar IL, var kanskje den som overraska mest – med bronse.

Seniormeisterskapen i vektløfting gjekk på Vigrestad.

– Vi er kjempefornøgde. Nesten alt gjekk som planlagt, rapporterer lagleiar Håvar Røyseth på veg heim frå Jæren.

GULLØFT: Jantsen Øverås rykte 119 kg over hovudet på Jæren.

GULLØFT: Jantsen Øverås rykte 119 kg over hovudet på Jæren. Foto:





Artikkeltags