Konsulentselskapet Norconsult har rekna på kva det vil koste å bygge om Hafstad vidaregåande til ny ungdomsskule, og Førde ungdomsskule til ny barneskule.
Overslaga viser prislappar på høvesvis 34 millionar og 39 millionar kroner. For dei summane får ein løysingar som «optimaliserer funksjonalitet og kjem i møte overordna prinsipp for skulebygg i Sunnfjord kommune».
Alternativet er å fire på prinsippa, og berre gjere «minimale tiltak». Då blir prislappane høvesvis 17 millionar og nær 27,5 millionar kroner.
Spareløysing gir mindre pedagogisk kvalitet
Hafstad vidaregåande er ein bygningsmasse med fire forskjellige «fløyer» av forskjellige aldrar.
Bygningsmassen er stort sett i god stand, seier konsulentane. Dessutan er bygga laga for å vere skule, og er stort sett tenlege til det, sjølv om dei tekniske krava har endra seg opp gjennom åra.
Spareløysinga, eller det som Norconsult kallar minimale tiltak, inneber at ein i liten grad flyttar strukturar i bygningsmassen. Men derimot må dei bygge om somme rom til kunst og handverk, musikk, mat og helse. Ein må dessutan endre på garderobane. Ulempa med denne løysinga er at den gir «mindre pedagogisk kvalitet.»
Uteområde skapar hovudbry
Går kommunen i staden for den optimale løysinga, kan ein i tillegg opne opp fleire rom til samarbeidssoner, oppgradere korridorar, og samle kunst, handverk og musikk i ein eigen fløy. Ein kan dessutan samle lærarkontora og administrasjonen, som i dag er skilde. Nye løysingar vil også gi mindre gjennomgangstrafikk og betre fellesfunksjonar.
Derimot er det eitt aspekt som har skapt litt hovudbry: Det er nemleg strengare krav til uteområde for ungdomsskular enn vidaregåande skular. Og ved Hafstad er det kring 11 mål store uteområdet for lite til å stette kravet.
For kravet er minst 30 kvadratmeter per elev. Med 480 elevar blir det over 14 mål. Konsulentane føreslår derfor å innlemme delar av Festplassen som skulen sitt uteområde. Uteområda kan vere opp til 200 meter frå skulen, og dermed er Festplassen innanfor.
FUSK blir barneskule
Etter at ungdommane har flytta til Hafstad, blir Førde ungdomsskule ståande tom. Tanken då er å bruke den til ny barneskule. Barneskulen har i dag 245 elevar, men den nye skal dimensjonerast for 270.
Avstanden frå dagens barneskule til ungdomsskulebygget er berre eit steinkast, for å seie det på eigedomsmeklarspråk. Også ungdomsskulebygget har fire fløyer, der den eldste delen stammar frå 1971. Arealet er 4400 kvadratmeter pluss ein kjellar på 900 kvadrat.
Også for denne flyttinga har konsulentane laga til to forskjellige alternativ.
Spareløysinga for denne skulen, går ut på å gjere minimale tiltak som stettar krav og forskrifter til ein barneskule. Det inneber i grove trekk å lage nye garderobar, gjere om grupperom til klasserom, og sette inn ein heis. I tillegg blir naturfagsalen flytta dit kjøkkenet er i dag, og biblioteket inn der naturfag er i dag. SFO flyttar inn i kjellaren.
To alternativ også her
Som for det andre bygget går den optimale løysinga også ut på å gjere minimumstiltak. Men i tillegg går den i grove trekk ut på å samle dei forskjellige klassetrinna i kvar sine område. Alle sju områda får to klasserom og grupperom i nærleiken. Det blir også nye garderobar og toalett. Dessutan legg ein meir pengar i å oppgradere spesialromsfløya. Det vil seie romma for kunst, handverk, naturfag, mat og helse. Dessutan blir det ein slags uteverkstad der elevane kan drive med grovarbeid. Dei vil også lage nye elevinngangar, og ta grep for å gjere resepsjonen meir synleg og tilgjengeleg.
Også ungdomsskulen har litt for lite uteområde til å bli godkjend. Dersom bygget skal bli barneskule er kravet minimum 10 mål, medan dei har litt over 9 mål i dag. Dette vil konsulentane løyse ved å innlemme prestegardshuset sitt uteområde som ein del av skulen sitt.
Konsulentane understrekar at det ikkje er tilstrekkeleg å ha nok areal. Det er også krav til utforming og leikeapparat, både for ungdomsskulen og barneskulen.
Skulebrannen i oktober 2022
No skal det seiast at rapporten som vert omtala her, vart laga før brannen på Førde ungdomsskule. Det er framleis uvisst korleis skadane vil påverke flytteprosessen og ombyggingane.
Etter det Firda kjenner til er kommunens bygg fullt forsikra, og dei økonomiske følgene av sjølve brannen på ungdomsskulen vil i så fall bli minimale. Derimot må den skulen komme i drift så fort som råd, medan overtakinga av Hafstad først skjer i 2024.
Den delen som brann, inneheldt teknisk rom, gang og toalett. Begge dei nye løysingane legg opp til å behalde denne fløya funksjonsmessig om lag som før.
Retting: I ein av titlane på denne artikkelen stod det «skal byte heim». Det er rette er sjølvsagt kan, som det går fram av teksten over.