Gå til sidens hovedinnhold

Tre fjellovergangar opne

Korleis påverkar vêret fjellovergangane? Trafikkoperatør Lise Kristoffersen på vegtrafikksentralen stadfestar at nesten alle fjellovergangane på Vestlandet er stengde.

Her er oversikta:

Rv 13 Vikafjellet: Stengt, ny vurdering torsdag klokka 12.00.

Rv 7 Hardangervidda: Stengt.

Rv 52 Hemsedalsfjellet: Kolonnekøyring (oppdatert)

Fv 50 Hol – Aurland: Er opna for kolonnekøyring frå klokka 10.00 torsdag.

Fv 53 Tyin – Årdal: Stengt, blir ikkje opna i dag.

E16 Filefjell: Ope.

E134 Haukeli: Stengt.

Rv 15 Strynefjell: Blei opna for trafikk torsdag klokka 10.30.

Snøgrensa ligg på mellom 400 og 600 meter på Vestlandet.

Oppdatert:

Klokka 12.26 torsdag melder trafikksentralen at Rv 52 over Hemsedalsfjellet er opna. Der er det kolonnekøyring, framleis grunna uvêr.

Kommentarer til denne saken