Tre bilar i trafikkulykke i Sogndalsdalen

DEL

– Det har vore ei trafikkulykke ved Øvre Stedje i Sogndalsdalen på riksveg 5, seier operasjonsleiar Tatiana Knappen i Vest politidistrikt.

Ho seier det er tre bilar og seks personar involverte i ulykka.

– Det var i utgangspunktet ein front mot frontkollisjon, og så har ein tredje bil også blitt involvert, seier Knappen.

Politi og brannvern er komme til staden.

– Det er meldt at alle dei seks er ute av bilane, og at det ikkje er personskadar. Ein ambulanse er likevel på veg for å sjekke dei involverte, seier Knappen.

Ho seier at to av bilane framleis står i vegbana, og den tredje like utanfor vegen.

– Kor lang tid det vil ta før vegen kan opnast igjen er usikkert akkurat no. Det kjem an på kor tid bergingsbil kan vere på staden, og kor lang tid det tek å få vekk bilane, seier Knappen.

Vegen vart i nitida opna for fri ferdsel.


Artikkeltags