Gå til sidens hovedinnhold

Tre bilar i trafikkulykke i Nordfjordeid

Totalt fire personar skal vere involvert i ulykka.

Det melder Vest politidistrikt klokka 17.47 onsdag ettermiddag.

Ifølgje politiet har det vore ei trafikkulykke der tre bilar er involvert, ved Stårheim i Nordfjordeid. Det skal vere snakk om ei påkøyrsle bakfrå.

Totalt er fire personar involverte. Politiet er ikkje kjent med at det skal vere personskade per no på nokon av dei fire.

Ulykka skal ha skjedd på rv. 15 Nordfjordvegen mellom Haugen og Stårheim. Vegtrafikksentralen Vest melder at det no er redusert framkomst på vegen, grunna at eitt av vegfelta er stengde.

Operasjonsleiar Terje Magnussen ved Vest politidistrikt, fortel til Firda like før klokka 19 at det framleis vert drive trafikkdirigering på staden, og at dei har fått bistand av brannmannskap til dette.

– Når det gjeld skadeomfanget så er vi ikkje kjent med at det er særleg store skader. Det er meldt om ei kuttskade i ei hand, og ein av førarane er sendt til legevakt for sjekk, seier Magnussen.

Ulykka skal ha skjedd då den eine bilen skulle svinge av i eit kryss.

Klokka 19.55 er vegen opna att for fri ferdsel.