Vegtrafikksentralen melder at tre bilar er involvert i ei trafikkulykke på Fv60 ved Loen i Stryn.

Ein av bilane har rulla rundt og ligg på sida utanfor vegen.

Brannvesenet er kl. 13.40 framme og sikrar skadestaden. Alle personar er komne ut av bilane. Det blir meldt om mindre alvorleg personskade. Helse har tatt hand om dei involverte.

Det skal være passasje forbi.