Tre bilar i kollisjon i Naustdal sentrum

Ein person sendt til lokal legevakt.

DEL

Måndag morgon klokka 07.24 melde Vest politidistrikt om ei trafikkulykke i Naustdal på fylkesveg 611.

– Tre bilar er involvert i ei trafikkulykke. Det er påkøyring bakfrå, seier operasjonsleiar Stein Rune Halleraker.

Ambulanse er på staden, medan politiet er på veg. Det er tre personar involverte.

– Det er eit ukjent skadeomfang. Alle har blitt sjekka av helsepersonell og ein person blir frakta til lokal legevakt, seier Halleraker.

Ulykka skjedde i Naustdal sentrum og bilane har flytta seg til parkeringsplassen til Coop Extra.

Artikkeltags