Trassar staten og gir løyve

Arkivbilde: Anlegget til Seamatech AS i Vadheimsfjorden for oppdrett av torsk.

Arkivbilde: Anlegget til Seamatech AS i Vadheimsfjorden for oppdrett av torsk. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Sogn og Fjordane fylkeskommune går mot tilrådingane frå staten og gir løyve til lakseoppdrett i eit oppdrettsanlegg for torsk.

DEL

I nokre deler av Sognefjorden er lakselussituasjonen blant dei dårlegaste i landet, skriv Fiskeribladet Fiskaren. Likevel har fylkeskommunen gitt løyve til oppdrett av laks på eit anlegg i Vadheimsfjorden i Høyanger kommune som er berekna for torskeoppdrett.

Frårår fylket

– Sjøauren er spesielt utsett i og med at han er mykje av tida i sjøen før han går i elvene. Det er berre eit tidsspørsmål før han blir raudlista og utryddingstruga, seier Bjørn Vike, leiar av Sogn Villaksråd, til avisa.

Også fylkesmannen i Sogn og Fjordane er usamd i avgjerda frå fylket.

– Det er på grunn av den store lakselusproblematikken i denne fjorden. Ikkje langt unna denne staden er det ein nasjonal laksefjord, seier fylkesmiljøsjef Nils Erling Yndesdal hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Fylkesmannen har sendt eit brev der dei rår fylket mot å gi løyve til lakseoppdrettet, men dei har inga moglegheit til å overprøve eller klage på avgjerda.

Det er også fleire som har klaga på tildelinga av akvakulturlokaliteten på Floteneset og som prøver å varsle om dagens lakselus-situasjon. Blant anna har fylkeskommunen mottatt klage frå Høyanger Jakt og Fiskelag, Balestrand jeger - og fiskarlag, Miljøpartiet Det grøne og Raudt Høyanger. Rådmann og Høyanger kommune har også vore skeptiske til endringane.

Fôrforsøk

Lokaliteten Floteneset tilhøyrer i dag Seamatech AS, og er ei av to lokalitetar selskapet har godkjent for torskeoppdrett i Vadheimsfjorden. Seamatech samtykker at lokaliteten kan gjerast om frå produksjon av torsk til produksjon av laks, aure og regnbogeaure.

Det var Nordfjord Forsøksstasjon AS, i samarbeid med Aqua Norway AS som søkte om løyve til etablering og endring av oppdrettet i Vadheimsfjorden.

– Her skal dei drive eit fortrinnsvis fôrforsøk som skal hindre lakselus. Dette vil vere i ei begrensa periode fram til 2017, seier seniorrådgjevar i Sjømatnæringa i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Elisabeth Aune.

Godkjent av Mattilsynet

Medan fylkesmannen og andre frårår å drive lakseoppdrett i torskeanlegget, har Mattilsynet godkjent prosjektet. Dei har etter lov om matproduksjon og mattryggleik gjeve løyve til å flytte lokaliteten og endre fiskeart på lokaliteten. Og det er dei fylkeskommunen rettar seg etter. 

– Det er vurderingane til Mattilsynet vi i Sogn og Fjordane fylkeskommune støttar oss på i denne saka. Det er dei som vurderer oppdrettsendringane som akeptable, seier Elisabeth Aune.