Transportfirma fekk bot for overlast

Statens vegvesen har hatt kontrollar fleire stader. Dei fann både overlast, dårleg sikra last og anna.

DEL

Måndag hadde Statens vegvesen køyretøy- og tungbilkontrollar ved Førde trafikkstasjon.

Det var totalt 61 tunge og 13 lette køyretøy innom kontrollplassen. 9 av køyretøya vart kontrollert nærare.

Eit transportfirma fekk 4250 kroner i gebyr for overlast, og måtte laste om til lovleg vekt før sjåføren fekk køyre vidare.

Ein spesialtransport hadde heller ikkje alt i orden. Den fekk bruksforbod då merkinga ikkje var i samsvar med dispensasjonen som var gitt.

Fem køyretøy fekk skriftleg teknisk mangel, blant anna for oljelekkasje og manglande lys.

Dårleg sikra last

Statens vegvesen gjennomførte også kontroll ved Håbakken kontrollplass i Lærdal. Det var det 227 tunge bilar og seks personbilar innom kontrollplassen.

Alle dei tunge køyretøya vart sende vidare utan at dei fann noko som ikkje var som det skulle. Den einaste som fekk reaksjon var føraren av ein personbil. Han hadde med tilhengar, og lasta der var for dårleg sikra. Han fekk bruksforbod til han hadde sikra lasta forsvarleg.

For tung i Nordfjord

Også tysdag sjekka Statens vegvesen både tunge køyretøy og vanlege personbilar. Då var det ved Nordfjord trafikkstasjon dei hadde kontrollen.

Ein sjåfør hadde overlasta bilen sin med 1300 kilo. Det førte til at bileigar får ei bot på 3800 kroner, og at han måtte laste av 1300 kilo før han fekk køyre vidare.

I tillegg vart det skrive ut ein mangellapp på ein tilhengar der boltane i svingkransen var lause.

Artikkeltags