Gå til sidens hovedinnhold

Traktor har velta inne i tunnel

Skatestraumtunnelen i Bremanger er stengt etter ei trafikkulykke.

Klokka 08.44 melder Vest politidistrikt om ei trafikkulykke i Bremanger.

Ein traktor lasta med sand har velta inne i Skatestraumtunnelen.

Vegen og tunnelen er stengt.

Statens vegvesen opplyser klokka 10:30 at oppryddingsarbeidet er starta, men at det truleg vil ta fleire timar før tunnelen blir opna.

Rett før klokka 14 melder Statens vegvesen at tunnelen er rydda og open for fri ferdsel.

Les også

Traktor lasta med 10 tonn sand velta i tunnel

Kommentarer til denne saken