Gå til sidens hovedinnhold

Trailer reiv ned kablar i tunneltaket

Magnhildskartunnelen mellom Grov og Stårheim i Bremanger kommune vart stengd tysdag.

Magnhildskartunnelen på fylkesveg 614 mellom Grov og Stårheim vart stengd som følge av oppryddingsarbeid, melde Statens vegvesen på Twitter.

Årsaka var at ein trailer tok oppi tunneltaket og reiv ned nokre kablar i tillegg til lysarmatur.

– Når han er framme vil han gjere ei heilheitsvurdering. Vi veit endå ikkje store massar det er snakk om, seier trafikkoperatør Kristian Fauskan til Firda.

Det var uvisst kor lang tid det ville ta før tunnelen blei opna att.

– Har det danna seg køar utanfor tunnelen?

– Det veit vi ikkje.

Vegvesenet fekk melding om uhellet klokka 13:48.

Oppdatering: Klokka 14:45 melder Statens vegvesen at tunnelen er rydda og opna for trafikk.

Kommentarer til denne saken