Gå til sidens hovedinnhold

Trailer med branntilløp i bremser ned Strynefjellet

Vest Politidistrikt fekk melding kl. 17.34 om ein trailer som hadde hatt branntilløp i bremsene framme. Dette skjedde på veg ned Strynefjellet ved Jøl Bru.

Brannvesen og politi har vore på staden og kontrollert traileren. Mannskap frå politi og brannvesen køyrer saman med traileren tilbake til Stryn.

Det er ingen trafikale vanskar i området og ingen personskadar.