Trailer køyrde i grøfta på E39 - står framleis torsdag morgon

I GRØFTA: Bergingsarbeidet av denne traileren kunne ikkje gjennomførast natt til torsdag, då ein trong meir bergingsutstyr. I morgontimane torsdag prøver ein på ny.

I GRØFTA: Bergingsarbeidet av denne traileren kunne ikkje gjennomførast natt til torsdag, då ein trong meir bergingsutstyr. I morgontimane torsdag prøver ein på ny. Foto:

Klokka 00.22 fekk politiet melding om at ein trailer lasta med byggemateriale hadde køyrt i grøfta på E39 mellom Sande og Førde. Torsdag morgon står den framleis på staden.

DEL

Politi, brann og ambulanse var på staden då Firda snakka med politiet klokka 01.30.

– Det seiast at det er glatt på staden. Førar har noko smerter i arm og overkropp, og er elles oppegåande, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen i politiet.

Ulykka skal ha skjedd ved Nordli på E39, mellom Lunde og Myrmel på strekninga mellom Sande og Førde.

Diesellekkasje

Traileren er ifølge politiet fullasta med byggemateriale.

– Det er lekkasje av diesel frå køyretøyet, seier Knappen som ikkje kan seie meir om omfanget av dette.

Klokka 01.45 opplyser vaktleiar ved Alarmsentralen at brannvesenet har returnert.

Natt til torsdag rykte alle naudetatane ut etter at ein trailer køyrde i grøfta på E39 ved Nordli mellom Lunde og Myrmel.

Natt til torsdag rykte alle naudetatane ut etter at ein trailer køyrde i grøfta på E39 ved Nordli mellom Lunde og Myrmel. Foto:

– Det vi veit er at det er snakk om kanskje ein 200–300 liter diesel som har leke ut. Det er ikkje fare for meir lekkasje og det har ikkje vidare konsekvensar no, seier Benedicte Svardal ved Alarmsentralen.

Knappen i politiet melder at det skal vere passering på staden i eitt køyrefelt rundt klokka 01.30. Redningsbil er rekvirert.

Trong meir utstyr

Operasjonsleiar Terje Magnussen ved Vest Politidistrikt seier til Firda torsdag morgon at traileren framleis står på staden.

– Det vart meldt til oss i natt at bilbergar trong meir utstyr og at det var glatt på staden for å få den opp av grøfta, seier operasjonsleiaren.

Han er ikkje kjent med kor lenge bergingsarbeidet vil vare.

Det er ikkje meldt om trafikkale utfordringar til politiet grunna bergingsarbeidet, og personell frå Mesta står for manuell dirigering på staden. Siste melding til Vegtrafikksentralen er at vegen vil bli stengd frå 08.30 og omtrentleg ein time framover.

Artikkeltags