Klokka 20:24 fekk 110 vest sentralen melding om eit trafikkuhell på E39 mellom Vassenden og Skei.

– Ein trailer har køyrt i grøfta, fortel Jostein Steinsland Hauge, vaktkommandør hos 110 Vest.

Vidare opplyser han at føraren har kome seg ut av køyretøyet. Traileren skal vere lasta med betongelement.

Enn så lenge er vegen open, men Vegtrafikksentralen melder om at vegen blir stengd frå ca. klokka 22.00 på grunn av bilberging. Dette arbeidet er rekna å vere ferdig rundt klokka 23.00.