Torsdag morgon klokka 07.14 melde Vegtrafikksentralen om ein trailervelt på rv. 7, rett vest for Haugastøl.

Då naudetatane vart sendt til trailervelten, var det er enno usikkert om det var trafikale utfordringar som følger av velten.

Berging pågår

Trafikkoperatør Christer Eide ved Vegtrafikksentralen Vest, fortel til Firda klokka 09.40 at bilbergar og naudetatane er på staden framleis. Dei arbeidar no med å planlegge berginga av traileren.

Traileren ligg delvis i grøfta og i den eine køyrebana. Eide fortel at det difor no er redusert framkomst på staden.

– Det har enno vore tidleg på morgonen, så vi har ikkje høyrt om store trafikale problem. men det kan verte det om trafikken tek seg opp utover dagen, seier han.

Nøyaktig kor omfattande redningsarbeidet vil komme til å bli, er han ikkje informert om enno.

– Men vegen vil nok komme til å bli stengt når bergingsarbeidet startar.

Dette stadfestar også trafikkoperatør Jørgen Bødtger i 11.30-tida. Han fortel at vegen no er stengt, medan sist del av bilberginga pågår på staden.

– Ein har fått traileren på hjul, men det vert no jobba vidare med å gjere traileren sikker nok til å få den vekk, seier Bødtger.

Utfordrande køyreforhold

Ulykka skjedde ikkje lenger enn tre minutt etter at Vegtrafikksentralen tvitra at brøytemannskap hadde meldt om mykje nedbør, sterk vind og tidvis vanskelege køyreforhold over fjellet.

Meldinga vart avslutta med den same krystallklare oppfordringa som dei hadde dagen før:

– Ikkje tenk på å legge på tur over fjellet på sommardekk.