Ein trailer har køyrt utfor vegen ved Alværa i Lavik. Det opplyser operasjonsleiar Terje Magnussen ved Vest politidistrikt litt før klokka 11.30.

Føraren skal ikkje vere skadd. Politiet er på staden og Magnussen opplyser at trafikken går som normalt på staden.