To bilar har kollidert

Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel
DEL

To personbilar har kollidert på fylkesveg 5 i Fjærland, melder Sogn og Fjordane politidistrikt på loggen.

To personer skal vere involverte, og naudetatane er på veg ifølgje politiet.

Oppdatering:
Begge førarane er sendt til legekontroll, ein til Sogndal og ein til Førde. Ingen vart alvorleg skadde i ulykka.

Kollisjonen har skjedd på grunn av at den eine bilen fekk sleng og køyrde i fronten på den andre.

Det var vinterføre med snø på staden der bilane kolliderte. Ifølgje politiet skal vegen no vere opna att.

 Saka vert vidare etterforska av Sogndal lensmannskontor.

Artikkeltags