Kvinne køyrde på hjort, deretter i fjellveggen

Heldigvis vart det ikkje store skadane på verken bilen, kvinna eller hjorten.

DEL

Klokka 06.44 fekk politiet melding om ei trafikkulykke nær Blaksettunnelen på Fv. 5742 i Stryn.

Ei kvinne i 40-åra køyrde på ein hjort, og køyrde deretter vidare inn i fjellveggen.

– Det var ikkje store skadane på køyretøyet. Kvinna klaga på vondt i ein fot, og blei køyrd til legevakta i Eid. Bilen er fjerna og vegen er open, seier operasjonsleiar Per Algerøy i Vest politidistrikt.

Ifølge Algerøy skal også hjorten ha overlevd det heile.

Artikkeltags