To vogntog kolliderte og stod fast i Hodlekve

KAOS: Det blir meldt om svært glatt veg på rv. 5 i Sogndalsdalen. To vogntog fekk tysdag morgon store problem, og politiet har vore lenge på staden og dirigert trafikken.

KAOS: Det blir meldt om svært glatt veg på rv. 5 i Sogndalsdalen. To vogntog fekk tysdag morgon store problem, og politiet har vore lenge på staden og dirigert trafikken. Foto:

Politiet måtte dirigere trafikken i fleire timar. Klokka 13.07 vart vegen opna att for trafikk.

DEL

Like over klokka ti tysdag melde operasjonssentranen i Vest politidistrikt at dei var på staden og dirigerte trafikken på rv. 5 i Hodlekve i Sogn.

To vogntog stod fast på glatta og dei hadde også sklidd inn i kvarandre. Hendinga skal ha skjedd klokka 07.53.

Ingen vart meldt skadd, men politiet melde om redusert framkomst på staden. Bilbergar var då i gang med bergingsarbeidet.

Klokka 11.21 melde politiet at dei framleis var på staden, og at det var «veldig glatt vegbane» i heile området. Det vart då oppfordra til å køyre varsamt.

Klokka 13.07 vart vegen opna att. Det seier Monica Øksengård ved Vegtrafikksentralen i Bergen til Firda.

– Vegen var då rydda og klarert. Entreprenøren meldte også at det var veldig glatt på staden, og Vegevesenet har no oppfordra til bruk av kjettingar, seier ho.

Det er også sendt ut brøytebil og strøbilar for å betre køyreforholda.

Artikkeltags