– Ein bil har køyrt utfor vegen og treft eit tre på E39 ein knapp kilometer aust for Lavik, seier operasjonsleiar ved Vest Politidistrikt Eivind Hellesund til Firda.

Politiet fekk melding om ulykka klokka 16.24 i ettermiddag.

– Førar vart tatt med til legevakt i Førde for kontroll. Det er ikkje mistanke om rus. Eit trafikkskilt vart køyrt ned i utforkøyringa, og bilen har fått ein del materielle skadar i fronten, seier Hellesund.

Bilbergar er bestilt.