Gå til sidens hovedinnhold

Trafikkulykke ved Hydro i Årdal – store materielle skader

To bilar og to personar er involverte.

Klokka 15.35 måndag ettermiddag vart det meldt om eit trafikkuhell i Årdal. To bilar var involvert i ulykka som skjedde ved Hydro i Øvre Årdal.

To personar er involverte, og dei to skal vere vakne og bevisste etter ulykka, melder politiet.

Airbag skal vere utløyst og det er meldt om store materielle skader på dei to køyretøya.

Kva som er årsaka til ulykka er enno ikkje kjent. Politiet rykker ut til staden.

Les også

Politiet: – Begge bilane må fjernast av bilbergar