Gå til sidens hovedinnhold

Trafikkulykke ved Bekkjevatnet natt til tysdag

Naudetatane rykte like før klokka 02.30 natt til tysdag ut til ei ulykke ved Bekkjevatnet i Førde. Det var berre éin bil involvert i ulykka som skjedde på E39.

Vest politidistrikt opplyste at det var seks personar involvert og at alle var bevisste etter ulykka og blei undersøkte av ambulansepersonell på staden.

Politiet opplyser vidare at det var glatt på staden.