I morgontimane fredag fekk politiet klokka 04.45 melding om eit trafikkuhell på rv. 13 ved Skjelingavatnet på Vikafjellet i Sogn.

Ein bil hadde sklidd, og hamna utanfor vegbana.

Airbagane vart løyst ut. Førar var aleine i bilen, og skal vere uskadd. Politiet rykte ut til ulykka.

Elles skal det vere vanskelege køyreforhold på Sognefjellet. Fv. 55 over fjellet er derfor stengd på grunn av uvêr.

Vegtrafikksentralen vest melder at det vil kome ei ny vurdering innan laurdag klokka 12.00.